Årets forskningsprojekter er leverte!

Kvifor har ein sett ein vekst av høgrepopulisme i Ungarn og Polen dei siste åra? Er det berre utdanningsmoglegheiter som gjer at ungdom vel å flytte frå små stader? Korleis er kvardagen på eit asylmottak? Har media skapt unødig frykt for Donald Trump? Dette er nokre av spørsmåla elevar ved 12 norske skular har freista finne svar på i årets Holbergprisen i skolen.
Kvar skule har sendt inn sine tre beste oppgåver, og desse går no vidare til vurdering i fagjuryen ved Holbergprisen i skolen. Den 8. mai vert dei tre finalistane valde ut, og den 8. juni vert det avgjort kven som kjem på første- andre- og tredjeplass av finalistoppgåvene.
Grundig oppfølging
Sidan prisen vart oppretta i 2003 er det kåra i alt 29 vinnarprosjekt, men det aller viktigaste resultatet er læringserfaringa elevane sit att med etter å ha vore med i konkurransen.
Etter søknadsfristen 1. oktober kvart år blir 12 deltakarskular valde ut, og i november kjem to lærarar frå kvar skule til Bergen for å vere med på ein fagdag der metode, forskingsetikk og akademisk skriving står i fokus. Kvar skule får deretter tildelt ein forskarkontakt ved eit universitet eller ein høgskule i sitt nærområde, som gjev elevane rettleiing og oppfølgjing gjennom tre skulebesøk i løpet av skuleåret. I tillegg er Fidje sjølv tett kontakt med skulane som deltek, for å sikre at kvar skuleklasse meistrar den krevjande prosessen det er å planlegge og gjennomføre eigne forskingsprosjekt.
- Målet for prosjektet er at elevane skal bli kjent med, og forstå verdien av forskning innan humanistiske og samfunnvitskaplege fag. Elevane skal sjølve få forske på det dei interesserer seg for, og samtidig få tett oppfølging forskarar som rettleier dei i alt frå val av vitskapleg metode til forksningsetikk, seier Fidje.
Verdifull studieførebuing
For elevane som deltek viser erfaringa frå Holbergprisen i skolen seg å vere verdifull lenge etter at vinnaren er kåra.
Tilbakemeldingane fra elevane og skulane er at Holbergprisen i skolen er en god førebuing til vidare studiar og arbeid. Det å arbeide sjølvstendig, vere kildekritisk og utfordre etablerte sanningar trur eg er svært nyttige erfaringer, seier Fidje.
Ærar læraren
I tillegg til elevane sitt engasjement, er lærarane sin innsats heilt avgjerande for at dei 34 oppgåvene har komme i mål. Det er bakgrunnen for at det årleg også vert delt ut ein lærarpris på 20 000 kroner til ein av lærarane som har jobba med Holbergprisen i skolen. Alle lærarane som er med på prosjektet blir oppmoda om å skrive ein rapport om arbeidet med Holbergprisen i skolen. Den beste rapporten vert løna med lærarprisen.
Dette er årets oppgåver:
Skole |
Tittel |
Elever |
Alta vgs. |
Finnes det sammenheng mellom idrettsdeltakelse og skoleprestasjon |
Ingvild Eriksen, Amanda Sørensen |
Alta vgs. |
Samisk i skolen |
Karoline Reinholdtsen, Ingunn Johansen, Rina Hansen, Katharina Bewalitz |
Alta vgs. |
Hvordan påvirker ulike faktorer undervisningen for lærere |
Ørjan Heitmann Nilsen, Stine Jenssen Bjerring, Robin Paulsen, Christine Marie Hasti |
Bømlo vgs. |
Kaffikultur |
Vilde G. Grasdal, Malin H. Gjøsæter |
Bømlo vgs. |
Muslimske jenter i media |
Ingeborg Tolås Jannicke Totland |
Bømlo vgs. |
For det første, eg er glad i Bømlo, men eg er drit lei plassen |
Daniel Røksund |
Dahlske vgs. |
Utvekslingselevers selvutvikling |
Hanna Mortensdatter Vandeskog, Helena Metveit, Sofie Udjus Brynhildsen, Ðula Ganić, Emma Emilie Højlyng Fløde |
Dahlske vgs. |
Enebarn, en bortskjemt drittunge |
Nadia Boye, Linn Bjørkegra, Siri Helene Erlandsen, Silje Kampen, Eirik Eskedal |
Dahlske vgs. |
Prestasjonskulturens bakside- Puggedop. |
Aina Pedersen, Beate haugen, Helene Storenes, Helene Storsæter, Serina Hansen |
Eilert Sundt vgs. |
Integrering av innføringsklassen |
Ida Kudra, Camilla Larsen, Michelle Thorkildsen, Hanne Skårdal |
Eilert Sundt vgs. |
Mediapåvirkning |
Ine Husby Sandnes, Ida Naglestad, Sofia Tånsberg, Vilde Aukland |
Eilert Sundt vgs. |
Karakterforskjeller mellom skoler i samme kommune |
Silje Qvale, Stine Stensøy, Margrete Y. Bjørndal |
Elvebakken vgs. |
Norges og ressursenes forbannelse |
Kanwarjot Kaur |
Elvebakken vgs. |
Et inngjerdet Europa |
Eva Thorshaug, Maja Bielecka og Mats Jensen |
Elvebakken vgs. |
Med livet på vent- en kvalitativ undersøkelse av asylsøkere i mottak |
Marte Norheim Engebretsen, Sara Tadesse Hernesvold & Sara Yasmin Khan |
Glemmen vgs. |
Youtubere og deres følgere + media |
Erlend S. Farbu, Erling Stenbråten, Martin B. Isaksen, Ola L. Nødtveidt |
Glemmen vgs. |
Har media skapt unødvendig frykt rundt Donald Trump? + media |
Hedda Romberg |
Glemmen vgs. |
Krimlitteratur i Norge + media |
Kaia Sheppard, Paulina Kolataj, Marie Nesøen |
Lundeneset vgs. |
Skoleinnsats |
Kristian Fosså |
Lundeneset vgs. |
Aktiv dødshjelp |
Eira Celin Tangen, Karen Sørbø Larsen |
Lundeneset vgs. |
Korleis tenkjer ungdommar når dei skal ta utdanningsval? |
Agathe Bø, Hennie Mathea Johansen |
Olsvikåsen vgs. |
Integrering av syriske |
Catharina Johanna Valvik Bjorøy |
Olsvikåsen vgs. |
Har likestilling gått ut på dato |
Anine Fraas |
Olsvikåsen vgs- |
Hvilket forhold har vi til belte på buss |
Kristine Tveitan, Vilde Midthun & Nora B. Eriksen |
Trondheim Katedralskole |
Kirkealterets himmelretning mot øst |
Sofie Eline Tollefsen |
Trondheim Katedralskole |
Gammel og grå-hva skjer så? |
Sara Adeldatter Tyldum, Ane Thingstad Størksen |
Trondheim Katedralskole |
Holdninger til homofile personer uttrykt i norske aviser |
Fredrik Dingen, Kjersti Finserås, Hanna Tørum Haugerud, Alexander Brevad Rambech |
Vadsø vgs. |
Er Donald J. Trump et eksempel på Dunning-Krugereffekten? |
Erika Møller Wormdal, Katrine Tønsberg Gaski og Lillian Wickstrøm |
Vadsø vgs. |
Hekseprosesser basert på etnisk bakgrunn i Øst-Finnmark på 1600-tallet |
Maila Risten Bongo Dikkanen, Hanna Aagesen, Kristin Aronsen |
Vadsø vgs. |
Ute av syne, ute av sinn. En studie om kognitiv dissonans i forbindelse med kjøtt. |
Anniken Richardsen Olsen, Sabina Store-Ashkari |
Vestby vgs. |
Blir jeg studieforberedt? |
Brynjar Morka Mæhlum |
Vestby vgs. |
Skjebnes herre av skjebnen behersket |
Even Gultvedt |
Vestby vgs. |
Unges forhold til nyheter |
Astrid Randem Lunde og Oliver Alexander Nordtveit Orefellen |
Årstad vgs |
Seksualisering av jenteruss – med egne øyne |
Melody Helen Bartlett Larsen, Yasemin Heggstad Bostanci, Tuula Askeland, Kasar Derbas, Margrete Steinsund |