Digitalt lærarseminar

Årets lærarseminar blei avvikla digitalt grunna den pågåande pandemien.
Koronapandemien har ført til store endringar for landets lærarar og for Holbergprisen i skolen. Til tross for utfordringane var det rekordmange lærarar påmeldte til årets lærarseminar, og det er tydeleg at innhaldet lærarseminaret tilbyr deltakande lærarar er etterspurt: Auka innsikt i analyse gjennom fokus på den praktiske analyseprosessen, fokus på etiske problemstillingar i forskinga, og erfaringsutveksling mellom lærarar.
Lærarprisvinnaren sine erfaringar

Det årlege lærarseminaret er vanlegvis eit forum for erfaringsutveksling mellom tidlegare deltakande lærarar og nye lærarar i konkurransen. Dette har vore styrka dei seinare åra ved å ha eit innlegg frå årets lærarprisvinnar med på seminaret. I år vart dette lærarprisvinnaren 2019/2020 Kjersti Gjerde Brekklund frå St. Olav vgs i Stavanger. Ho vann årets lærarpris med rapporten “Jeg synes fremdeles det er mer futt i tittelen Sex og synd”. Ei styrke med rapporten hennar var at den synte korleis ein kan løyse organisering av deltaking for ein samla klasse, heller enn å dele klassen inn i grupper på 2-3 elevar slik det vanlegvis blir gjort.
Diskusjon og erfaringsutveksling

I den digitale avviklinga var det eit uttalt ønskje å halde på moglegheitene for utveksling mellom lærarane som deltek i konkurransen så vel som diskusjon med innleggshaldarane. Difor delte vi lærarane inn i ulike “breakout rooms” på Zoom slik at lærarane kunne møtast i mindre grupper og diskutere innleggshaldarane sine bidrag frå seminaret.. Både under postdoc Magnus Hoem Iversen (UiB) sitt innlegg om retorisk analyse som kreativt verktøy, professor Trine Anker (MF vitenskapelige høyskole) sitt innlegg om den praktiske analyseprosessen og under Vidar Enebakk (NESH) sitt innlegg om forskingsetikk, fekk lærarane rom til diskusjon rundt tema føredragshaldarane trakk fram og fikk så anledning til å diskutere i plenum. Det kom mange spørsmål og innspel frå deltakarane, noko som vitnar om engasjerte lærarar og bibliotekarar over heile landet som no skal i gang med å leie elevane sine gjennom forskningsprosessen.

Vegen vidare
Det blei også plass til å informere om Holbergprisen i skolen, og om tiltak i høve koronasituasjonen. Sekretariatet gjer seg i desse dagar klart til å besøke alle dei deltakande skulane, dersom smittevernrestriksjonane tillet det. Vi er også snart klare til å lansere vår nye digitale ressurssamling som skal bidra til å gjere deltakinga enklare for elevane, og gjere dei enno betre kjende med forsking.
